Årsmøtet 2026
Innhold
Innkalling
- Innkallinga er førebels godkjent.
- Fleire til stades melder at dei ikkje mottok epost-inkallinga.
- Ordstyrar spør om møtet skal reknast som gyldig då mange ikkje fekk epost.
- Ordstyrar føreslår å godkjenna samlinga og vitrar om at nytt årsmøte kan krevjast dersom ønskjeleg.
- Sky får innvilga stemmerett av ordstyrar og møteleiar.
Nyhende
- Styret takkar Ghaith for innsatsen med håndverktøy-skapet og TOOLS-skapet, og han lovar om utviding med disko-funksjonalitet straks.
- Det er sterk lyst hjå mange til å deltaka i Tormek-kurs, men vi manglar diverre tilstrekkelege lærare.
- Sveiserommet er lite brukt, då det krev hotworks-opplæring, med hensyn til brannfaren bruk av rommet inneber.
- Mellomløysing vert å utføra metallarbeid ute i Ingens gate.
- Brannutrykkning er dyr, sjølv om ho vonleg ikkje vert naudsynt.
- Det minnast om at Blå som oftest hev skylda når alarmen går som uventa.
- Årsmøtet understrekar verdien av forsikring, og skipar til ei satsing på dette området.
- Om vi byggjer ut rommet, vil det ikkje seie at nokon kjem til å koma.
- At vi klarte å rusta ut kursrommet, hev skapt ringverknad i dei andre romma. Takk til ei skole i Sandvika for gjevmilda. No er det plass til opp til 18 deltakare!
- Aleks hev vunne Bitrafsmesterskapet 2026 i å halde kurs. For ei bragd! Hurra Aleks!
- Kjønna er i jamvekt! Hurra! Ein kan mogelegvis ønskje seg jamnstilling til neste år.
- Gutar hev nytta seg av syrommet. Flinkisar! <3
Nøkkeltal
- Bitraf gjekk i minus. Ikkje stort i minus eller noko. Dette fylgde av alt vedtekne satsingar.
- I fjor vart middelinndelinga omteikna slik at utrekningar er kopla til einskilde satsing på tvers av årsskifte. Til vanleg forårsakar berre store innkjøp storsatsingar.
- Dei største utgiftene våre hev vore leia og faste tilsette.
- Thomas arbeidar på fulltid og får halvtidslønn.
- Ei stor utgift var vedlikehald. Ei større er forfall.
Økonomi
- Lesar vitrar om at det skjedde for så vidt lite på Bitraf i 2025, mogelegvis av fylgjande grunnar.
- Inntekter hev vore lavare i år, sjølv om dei i det store og heile hev auka sidan Bitraf innførte p2k16-systemet.
- Færre bidreg med grasrotandelen sin.
- Éin gullsponsor ga ikkje tilskot i år.
- Velgjerarar er svært viktige for å sikre eit fyldig tilbud til medlemane og hjelper med å mogeleggjera Bitrafs faste tilsetjing av dagleg leder.
- Trass i oppgangen i medlemstalet, valde fleire noverande medlemar billegare kontigentar i år.
- Utfordrande framferd hev førekome på Bitraf og usemja hev kravt mykje av medlemane.
- Det er ytra eit ønskje i rommet om å veta kva konflikten(e) innebar. Ordstyrar ber vedkomande henvisa seg til styret på eit seinare tidspunkt med førespurnaden.
- Tillitsvalgt trengst framleis i henhold til saka, men ingen frivillig hev meldt seg.
- Inntekter hev vore lavare i år, sjølv om dei i det store og heile hev auka sidan Bitraf innførte p2k16-systemet.
- Vekst i inntektar er avgjerande dersom Bitraf skal ha råd til husleia vår.
- Det er komen 100 000;- til rådvelde, som er vilja til opprustning av metallverkstaden.
- Metallekspert kan rettleia vidare om tilfengjing av induskjonsvarmar, då vi framleis manglar kjelde til han.
- Steinar teiknar seg som fagkunnig og disponibel til oppdraget.
- Sky føreslår å henta inn erfarne med varmromsarbeid/smiing frå andre skaparverkstadar.
- Metallekspert kan rettleia vidare om tilfengjing av induskjonsvarmar, då vi framleis manglar kjelde til han.
- Det er komen 300 000;- med driftstilskot! Takk, staten! <3 Og takk til Fiken, som hjelpte med rekneskapen vi trong for å få dei.
- Oslo kommune kan auka bidraget til neste år, når dei ser vi hev forvalta midlane forsvarleg.
- Statleg tilskot kan trekkast til eikor tid, difor er det avgjerande å bruka det vi får, slik at vi aller helst frigjer budsjett til kjøp av huset.
- Finansnemda vart skipt seint i 2025, med hovudoppgåven å sikra kontrakt med eigaren av bygget i Brennerivegen.
- Dette kravde depositum, difor vart det tatt ut lån, som helst vert svart med medlemspengar. Nedbetalingsprosessen er i gang.
- Kontrakten gjeld til 2031, og nemdas neste oppgåve hev vore å leggja fram kvar foreininga skal slå seg til ro då.
- Nemda hev sett føre seg målet om å kjøpa eige hus, men då det ikkje er sikkert om vi får lov å kjøpa det noverande, er kostnaden ukjent.
- Nemda ønskjer vidare forstyrka samband med statlege velgjerarar samt private (t.d. SpareBank1) om å få ytterlegare kulturtilskot.
- Årsmøtet vedgjev at finansnemda treng professjonaliseringshjelp.
- Årsmøtet vil synleggjera einskildutgifter for medlemane.
- Bitrafs nye lover tilseier at styret må meddela sensurert rekneskap.
- Bitraf vil framleis unngå at det kan lovkrevjast at vi svarar meirverdiavgifter.
- Styret blæstar #finans på Slack for særskild opptekene av Bitrafs økonomi.
Supplering av styret
- Martin og Fatima sluttar seg til styret med akklamasjon.
Utnemning av revisor
- Dag er med vidare som revisor.
Vedtekter
- Ordstyrar vitrar om at det er vorten for seint, vi gløymde dessa i år. Ups!
- Årsmøtet skipar til eit ekstraordinært møte om to uker då fråsegner kan gjevast.
Ønskjelista
- Årsmøtet ønskjer å skipa til ukentlege verkstader for å auka deltaking og medlemstal. Møteleiar gjev til kjenne at Meetup er lett tilgjenge og oppmodar samtlege om å henvende seg til styret dersom ein hev utspelet her.
- Det hev vist seg at det hadde vore høveleg med eit RSVP/kø-system for å fylla kursplassar som snøgt gjer seg ledige.
- Det kan løna seg å leggja ut komande kurs andre stader, til dømes fysisk med plakatar eller på andre sosiale medium som Facebook, sjølv om dette kan byda på eigne utfordringar.
- Styret ønskjer seg fleire innlegg på YouTube og oppmodar medlemar om å abonnera til kanalen.
- Det er framleis uvisst kven som "eig" kontoen @bitraf på YouTube difor kan ikkje den nyttast for tida.
- Utstyret treng aukt oppmerksemd og vedlikehald.
- Einskilde bidreg over eikor forventing, og Aleks hev vist seg å vera ein særskild bidragsytar med omsorg ovenfor det naudlidande skrivarrommet vårt.
- Aukt vaskebudsjett vil gje betre miljø.
- Tillitsvalgte for vask og vedlikehald med særleg vekt på god rollefordeling kan lindra dei noverande vanskane våre.
- Bitraf manglar HR-kompetanse, som ingeniørsjeler treng vi nokon med peiling her.
- Prospera-stiftelsen nevnes som ein ressurs her.
- Ein verkstad for søknad om tilskot vil kunniggjera fleire til å søkje driftstilskot på vegnes av Bitraf. Let's get the flus!
- Automatisert drift av belysning kan spara straum og pengar, for ikkje å nemna jordkloten vår.
Vitring
- Ordstyrar vitrar om at Bitraf kan gå føre seg takka vera medlemspengane.
- Reinhald må setjast på høgare alvor.
- Indre strid øydelegg felleskapet, og framfor alt vil opplæring av nye førebyggja han.