Årsmøtet 2026

Fra Bitraf
Revisjon per 11. mai 2026 kl. 17:15 av Ellinorlinnea (diskusjon | bidrag) (Ønskjelista)
Hopp til navigering Hopp til søk

Innkalling

  1. Innkalling er førebels godkjent.
    1. Fleire til stades melder at dei ikkje mottek epost-inkallinga
    2. Ordstyrar spør om møtet skal reknast som gyldig då mange ikkje fekk epost.
    3. Ordstyrar føreslår å godkjenna samlinga og vitrar om at nytt årsmøte kan krevjast dersom ønskjeleg.
  2. Sky får innvilga stemmerett av ordstyrar og lesar.

Nyhende

  1. Styret takkar Ghaith for innsatsen med håndverktøy-skapet og TOOLS-skapet, og han lovar om utviding med disko-funksjonalitet straks.
  2. Det er sterk lyst hjå mange til å deltaka i Tormek-kurs, men vi manglar diverre tilstrekkelege lærare.
  3. Sveiserommet er lite brukt, då det krev hotworks-opplæring, med hensyn til brannfaren bruk av rommet inneber.
    1. Mellomløysing vert å utføra metallarbeid ute i Ingens gate.
    2. Brannutrykkning er dyr, sjølv om ho vonleg ikkje vert naudsynt.
      Det minnast om at som oftast hev Blå skylda når alarmen går som uventa.
    3. Årsmøtet understrekar verdien av forsikring, og skipar til ei satsing på dette området.
    4. Om vi byggjer ut rommet, vil det ikkje seie at nokon kjem til å koma.
  4. At vi klarte å rusta ut kursrommet, hev skapt ringverknad i dei andre romma. Takk til ei skole i Sandvika for gjevmilda. No er det plass til opp til 18 deltakare!
  5. Aleks hev vunne Bitrafsmesterskapet 2026 i å halde kurs. For ei bragd! Hurra Aleks!
  6. Kjønna er i jamvekt! Hurra! Ein kan mogelegvis ønskje seg jamnstilling til neste år.
    1. Gutar hev nytta seg av syrommet. Flinkisar! <3

Nøkkeltal

  1. Bitraf gjekk i minus. Ikkje stort i minus eller noko. Dette fylgde av alt vedtekne satsingar.
    I fjor vart middelinndelinga omteikna slik at utrekningar er kopla til einskilde satsing på tvers av årsskifte. Til vanleg forårsakar berre store innkjøp storsatsingar.
  2. Dei største utgiftene våre hev vore leia og faste tilsette.
    Thomas arbeidar på fulltid og får halvtidslønn.
  3. Ei stor utgift var vedlikehald. Ei større er forfall.

Økonomi

  1. Lesar vitrar om at det skjedde for så vidt lite på Bitraf i 2025, mogelegvis av fylgjande grunnar.
    1. Inntekter hev vore lavare i år, sjølv om dei i det store og heile hev auka sidan Bitraf innførte p2k16-systemet.
      1. Færre bidreg med grasrotandelen sin.
      2. Éin gullsponsor ga ikkje tilskot i år.
        Velgjerarar er svært viktige for å sikre eit fyldig tilbud til medlemane og hjelper med å mogeleggjera Bitrafs faste tilsetjing av dagleg leder.
      3. Trass i oppgangen i medlemstalet, valde fleire noverande medlemar billegare kontigentar i år.
    2. Utfordrande framferd hev førekome på Bitraf og usemja hev kravt mykje av medlemane.
    3. Det er ytra eit ønskje i rommet om å veta kva konflikten(e) innebar. Ordstyrar ber vedkomande henvisa seg til styret på eit seinare tidspunkt med førespurnaden.
    4. Tillitsvalgt trengs framleis i henhold til saka, men ingen frivillig hev meldt seg.
  2. Vekst i inntektar er avgjerande dersom Bitraf skal ha råd til husleia vår.
  3. Det er komen 100 000;- til rådvelde, som er vilja til opprustning av metallverkstaden.
    1. Metallekspert kan rettleia vidare om tilfengjing av induskjonsvarmar, då vi framleis manglar kjelde til han.
      Steinar teiknar seg som fagkunnig og disponibel til oppdraget.
    2. Sky føreslår å henta inn erfarne med varmromsarbeid/smiing frå andre skaparverkstadar.
  4. Det er komen 300 000;- med driftstilskot! Takk, staten! <3 Og takk til Fiken, som hjalp med rekneskapen vi trong for å få dei.
    1. Oslo kommune kan auka bidraget til neste år, når dei ser vi hev forvalta midlane forsvarleg.
    2. Statleg tilskot kan trekkast til eikor tid, difor er det avgjerande å bruka det vi får, slik at vi aller helst frigjer budsjett til kjøp av huset.
  5. Finansnemda vart skipt seint i 2025, med hovudoppgåven å sikra kontrakt med eigaren av bygget i Brennerivegen.
    1. Dette kravde depositum, difor vart det tatt ut lån, som helst vert svart med medlemspengar. Nedbetalingsprosessen er i gang.
    2. Kontrakten gjeld til 2031, og nemdas neste oppgåve hev vore å leggja fram kvar foreininga skal vera åra som fylgjer.
    3. Nemda hev sett føre seg målet om å kjøpa eige hus, men då det ikkje er sikkert om vi får lov å kjøpa det noverande, er kostnaden ukjent.
    4. Nemda ønskjer vidare forstyrka samband med statlege velgjerarar samt private (t.d. SpareBank1) om å få ytterlegare kulturtilskot.
    5. Årsmøtet vedgjev at finansnemda treng professjonaliseringshjelp.
  6. Årsmøtet vil synleggjera einskildutgifter for medlemane.
    Bitrafs nye lover tilseier at styret må meddela sensurert rekneskap.
  7. Bitraf vil framleis unngå at det kan lovkrevjast at vi svarar meirverdiavgifter.
  8. Styret blæstar #finans på Slack for særskild opptekene av Bitrafs økonomi.

Supplering av styret

  1. Martin og Fatima sluttar seg til styret med akklamasjon.
  2. Dag er med vidare i styret.

Vedtekter

  1. Ordstyrar vitrar om at det er vorten for seint, vi gløymde dessa i år. Ups!
  2. Årsmøtet skipar til eit ekstraordinært møte om to uker då fråsegner kan gjevast.

Ønskjelista

  1. Årsmøtet ønskjer å skipa til ukentlege verkstader for å auka deltaking og medlemstal. Møteleiar gjev til kjenne at Meetup er lett tilgjenge og oppmodar samtlege om å henvende seg til styret dersom ein hev utspelet her.
  2. Det hev vist seg at det hadde vore høveleg med eit RSVP/kø-system for å fylla kursplassar som snøgt gjer seg ledige.
  3. Det kan løna seg å leggja ut komande kurs andre stader, til dømes fysisk med plakatar eller på andre sosiale medium som Facebook, sjølv om dette kan byda på eigne utfordringar.
  4. Styret ønskjer seg fleire innlegg på YouTube og oppmodar medlemar om å abonnera til kanalen.
    Det er framleis uvisst kven som "eig" kontoen @bitraf på YouTube difor kan ikkje den nyttast for tida.
  5. Utstyret treng aukt oppmerksemd og vedlikehald.
    1. Einskilde bidreg over eikor forventing, og Aleks hev vist seg å vera ein særskild bidragsytar med omsorg ovenfor det naudlidande skrivarrommet vårt.
    2. Aukt vaskebudsjett vil gje betre miljø.
    3. Tillitsvalgte for vask og vedlikehald med særleg vekt på god rollefordeling kan lindra dei noverande vanskane våre.
  6. Bitraf manglar HR-kompetanse, som ingeniørsjeler treng vi nokon med peiling her.
    Prospera-stiftelsen nevnes som ein ressurs her.
  7. Ein verkstad for søknad om tilskot vil kunniggjera fleire til å søkje driftstilskot på vegnes av Bitraf. Let's get the flus!
  8. Automatisert drift av belysning kan spara straum og pengar, for ikkje å nemna jordkloten vår.

Vitring

  1. Ordstyrar vitrar om at Bitraf kan gå føre seg takka vera medlemspengane.
  2. Reinhald må setjast på høgare alvor.
  3. Indre strid øydelegg felleskapet, og framfor alt vil opplæring av nye førebyggja han.